Her kan du parkere sykkelen din

Publisert: 31.10.2017 07:30:58 Oppdatert: 31.10.2017 07:40:35

For å komme seg heimanfrå og til nærmaste kollektivterminal, kan sykkelen vere eit godt og miljøvennleg alternativ.

Skal du sykle utover hausten og kanskje vinteren gjennom? Då kan det vere greitt å vite om parkeringsmoglegheitene for sykkelen din. 

Hordaland fylkeskommune tilbyr sykkelparkering på seks terminalar. Dette er på Bergen busstasjon, Nesttun, Birkelandsskiftet, Loddefjord, Åsane og Kleppestø. 

Det siste parkeringshuset vart opna på Kleppestø i september i år, og der finn du 60 sykkelparkeringsplassar i den gamle tunnelen som var inngang til ferja fram til 1992. Der står sykkelen tørt og bak lukka port til du kjem att med båten eller bussen.

Her ser du video lagt ut av Askøy kommune frå opninga

Her kan du lese detaljar om alle parkeringshusa


Dette er den nye parkeringsplassen for syklar på Kleppestø terminal på Askøy. Foto: Skyss