HentMeg-bussen i Odda opna med brask og bram

Publisert: 11.02.2020 Oppdatert: 11.02.2020

Det var mange reisande med bestillingstenesten HentMeg i Odda på opningsdagen tysdag 11. februar.

Leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet Jannicke Clarke delte ut blomar til reisande om bord i ein av bussane om føremiddagen, mellom anna til tidlegare Odda-ordførar Toralv Mikkelsen. Både NRK Vestlandsrevyen og lokalpressa var til stades og foreviga markeringa. Formannskapet i Ullensvang ønska bussen og passasjerane velkomen utanfor Rådhuset, og lett regnvêr i Odda var ikkje til hinder for utdeling av kaffi og bollar til både reisande og andre.

Det var stor pågang den første dagen, sidan mange nysgjerrige oddingar ønska å prøve tilbodet. Dei kan no framover tinge HentMeg-bussen når dei treng den, i staden for å sjekka reiseplanleggaren eller rutetabellen. Bestillingsbussen kan nyttast av folk i området Odda/Tyssedal på visse tider av dagen. Bestillinga skjer på hentmeg.no eller ved å ringe kundesenteret til Skyss. Bussen køyrer etter «først til mølla»-prinsippet og hentar deg på næraste busshaldeplass, og køyrer deg til haldeplassen som ligg nærast der du skal. 

Billettprisen er den same som for vanleg kollektivtransport. 

Målet med prosjektet er meir nøgde kundar og betre bruk av kollektivmidla. Det er samstundes betre for miljøet om bussen berre køyrer når det trengs, og står i ro når ingen skal reise. Området Odda er valt grunna låge passasjertal utanom skolekøyringa, og reisemåla i Odda ligg sentralt, som fritidstilbod, kommunale tenester og liknande. 

Prøveprosjektet er basert på løysinga som kollektivselskapet Kolumbus i Rogaland har etablert i Sauda. Liknande løysingar er òg å finne i Kongsberg, Bodø og Bø i Telemark. HentMeg i Odda er eit samarbeid mellom Skyss, Tide Buss, Kolumbus, Ullensvang kommune og teknologiselskapa SpareLab og Geta. Prøveprosjektet i Odda skal gi Skyss grunnlag for å vurdere om dette er noko vi kan tilby fleire stader i Vestland. 

Her kan du lese meir og bestille buss

Passajer Turid Dragestad og Toralf Mikkelsen vert gratulerte som dei første reisande med det nye tilbodet. 

Sjåførane Henrik Fosse og Finn Magnus Engmark på første dag med HentMeg i Odda.

Eit busskur kan brukas til så mangt. Her fekk Oddingane ein varm velkomst til opninga av HentMeg.

Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø og utvalsleiar Samferdsel og mobilitet i Vestland, Jannicke Clarke, er klare til å ta i mot dei reisande som har tinga bussen.

Bussen er merka med HentMeg-symbol.