Heilt slutt på bussruter på papir

Publisert: 01.08.2019 Oppdatert: 01.08.2019

Sommarrutene 2019 var dei siste som blei masseproduserte i papirformat.

Skyss har no slutta å masseprodusere rutehefte for buss. Den viktigaste grunnen er at dei fleste nyttar digitale løysingar når dei skal planlegge reiser. Når ruteinformasjonen ikkje er trykt på papir, er det enklare å gjere ruteendringar, og Skyss kan gi meir nøyaktig informasjon til dei reisande. Ikkje minst sparer vi miljøet!

Rutehefta til ferjesambanda vil inntil vidare framleis bli trykte på papir. 

Stadig fleire vel å planlegge reisa si på mobilappen Skyss Reise og på skyss.no. Her kan du stole på at informasjonen er oppdatert, og du kan få opp meldingar dersom det har skjedd noko i trafikken. Du kan òg sjå forventa avgangstid i sanntid.

Fullstendige rutehefte finst digitalt

Sjølv om Skyss ikkje sender rutehefte i trykken lenger, kan du framleis finne dei i PDF-format på skyss.no. Om du ønskjer å ha rutetabellen eller eit hefte i fysisk form har du fleire alternativ:

Sparer meir enn 30 tonn papir årleg

Å trykke rutehefte er svært ressurskrevjande, både økonomisk og for miljøet. I 2015 produserte Skyss 449 000 ruteheftar, som svarer til 30 881 kg papir. I 2016 fjerna vi rutehefta frå bussane i Bergen og omegn, før vi deretter fjerna dei på alle våre bussar, og opna for at ein i staden kunne bestille rutetabellar og hefte på skyss.no. 
No tek vi det siste steget med å fjerne dei òg frå vårt kundesenter, turistinformasjon og andre stader du elles har fått tak i ruteheftet.

Det siste året har kundesenteret til Skyss etter førespurnad trykt og sendt ut berre 2362 rutehefte totalt. Innsparinga er dermed på over 30 tonn papir i året.

Ring oss gjerne på 55 55 90 70 dersom du har spørsmål om rutehefta.

Desse rutehefte finn du ikkje meir i papirformat.