Ut og reise i haustferien?

Publisert: 06.10.2016 Oppdatert: 06.10.2016

I veke 41 har dei fleste kommunane i Hordaland haustferie og dermed skulefri for grunnskulen. Unnatak er Austevoll, Odda og Ullensvang kommune som har fri veke 40. Buss-, båt- og banerutane er dei same desse vekene, med unnatak av at skulerutene ikkje går.

Skal du reise med fly, minner vi om at no går Bybanen til Birkelandsskiftet og derfra går det buss til og frå Bergen lufthavn Flesland. 

Frå Birkelandsskiftet

Bussen går frå terminal B på Birkelandsskiftet.

Frå Bergen lufthavn Flesland

Bussen går frå bussterminalen mellom Clarion Hotel Bergen Airport og parkeringshuset på flyplassen. Ta til venstre når du kjem ut av hallen og gå mot hotellet. Busstoppet ligg på perrong C.

Bussen vil gå i tidsrommet når Bybanen går. På denne bussen gjeld dei same takstane og billettane som på Bybanen og alle andre Skyss-bussar.

På 1F kan du ikkje kjøpe eller aktivere billett om bord. Du må difor sørgje for å ha kjøpt billetten på førehand, eller kjøpe billett når du kjem til Birkelandsskiftet.

Her kan du kjøpe billett i nærleiken til bussane:

  • I appen «Skyss Billett»
  • På billettautomat på Birkelandsskiftet
  • Hos 7 Eleven eller Narvesen inne i hallen på flyplassen.

Her er rutetabellen for buss 1F Birkelandsskiftet - Bergen lufthavn Flesland

Linje 23 stoppar også på Bergen lufthavn Flesland, sjå rutetabell

Har du ikke Skyss Reise-appen enno? Her kan du planlegge turen din