Har du gløymt noko?

Publisert: 19.04.2016 Oppdatert: 26.07.2019

Sjå korleis du kan få det att.

Hittegodskontoret finn du på Skyss kundesenter bak Bystasjonen. 

Av og til har ein gjerne litt for mykje å tenke på, og det kan skje den beste at det går litt raskare i svingane enn ein sjølv skulle ynskje. På slike dagar er det kanskje litt ekstra fort gjort å legge att dei nye skinnhanskane sine på bussen, eller å gløyme å sjekke setet sitt på vegen ut og dermed ende opp på haldeplassen utan mobiltelefon. Men, sjølv om det kanskje verkar slik der og då, er faktisk ikkje alt håp ute. Me tek nemlig vare på tinga for deg.

Kvar kan eg ta kontakt?
Dersom du skulle vera så uheldig at du står der på haldeplassen og sjå bussen køyre av garde med den splitter nye jakka di, veska di eller kanskje det halvferdige strikketøyet ditt, kan du ta kontakt med Skyss sitt kundesenter på telefon 177. Dette gjeld Bergen og omegn. Dersom du har gløymt att noko på ei linje som går i resten av Hordaland, er det dei forskjellege operatørselskapa som køyrer for Skyss som har ansvar for å ta vare på dei attgløymde tinga. Du finn ei liste over dei ulike operatørane i botnen av saka. 

Sjølv om ein gjerne vil ha att det ein har mista så snart som råd, har det ikkje noko for seg å ta kontakt same dag for å høyre om tinga dine har kome til rette. Hittegods kjem inn tidlegast fyrste etterfylgjande arbeidsdag etter lunsj, og seinast innan tre arbeidsdagar. Me tilrår dermed at du tek kontakt fyrst etter klokka 13:00 fyrste etterfylgjande arbeidsdag.

Ein dinosaur som har mista halen, søkjer sin rettmessige eiar. 

Korleis får eg tilbake hittegodset mitt?
Hittegodskontoret for Bergen og omegn finn du i same lokale som Skyss sitt kundesenter på Bystasjonen, og det er her du kan hente dei tapte tinga dine. For å få att hittegodset er du nøydd til å bevisa eigarretten din. Er det til dømes lommeboka di du har gløymd, vil ein gjerne sjekke deg opp mot legitimasjonen ein finn der. Skulle du gløyme ein koffert, må du kunne beskriva innhaldet i den. 

Det er sjølvsagt nokre ting, som matprodukt eller liknande, som ikkje vert tatt vare på. Du vil til dømes ikkje kunne få att ein liter mjølk du gløymde på bussen for to månadar sidan.

Kva skjer med hittegodset etter tre månadar?
Dersom ingen som kan bevisa eigarretten sin har kome for å hente hittegodset innan tre månadar, vil tinga ikkje lenger bli tatt vare på. Verdigjenstandar vert overlevert til politiet, medan andre gjenstandar vert gjevne til velgjerdsarbeid eller kasta. Gjenstandar som kan innehalde sensitive personopplysningar vert destruert.

Gebiss, rullatorar og solskinshistorier
Det er stor variasjon i kva som vert gløymd att på bussen, og på hittegodskontoret til Skyss kan ein finne mykje rart. Om du kikkar i hyllene kan du kome over alt frå gebiss, til hanskar og rullatorar. Sjølv om ikkje alt som kjem inn på hittegodskontoret dessverre ikkje kjem tilbake til sin rette eigar, finst det ein og annan solskinnshistorie. Då Skyss til dømes la ut eit bilete av ein nesten ferdigstrikka babydress på sine Facebook-sider 
i håp om å finne eigaren, fann ein etter litt detektivarbeid frå Skyss sine fylgjarar fram til eigaren. No vil endelig ei god venninne kunne få ein heimestrikka dress til barnet sitt!

Det er lett å gå skoa av seg, og det er det nokre som gjer på buss og bane.

Sjå deg om ein ekstra gong!
Me i Skyss gjer det me kan for at du skal få att det du har tapt, men dessverre er det ikkje alltid me lukkast med det. Av og til er det uærlige sjeler på ferde som gjer at sjåføren aldri finn hittegodset ditt, og i desse tilfella er sjansen for at du skal få att tinga dine dessverre ganske liten. Det er derfor uansett lurt å sjå seg om ein ekstra gong når ein går av bussen, for å vera sikker på at ein har fått med seg alt.

Kontaktinformasjon til dei ulike operatørane

Kontaktinformasjon til operatør finn du òg under kvar enkelt linje/rute på skyss.no eller i ruteheftet:

Rutetider buss 

Rutetider Bybanen 

Rutetider båt 

Du er sjølv ansvarleg for den bagasjen du tar med deg på transportmiddelet, og Skyss er ikkje ansvarleg for eventuelle skadar med mindre det kan påvisast aktløyse frå betjeninga si side.