Haldeplassannonsering på fleire bussar

Publisert: 02.03.2016 Oppdatert: 02.03.2016

Frå og med onsdag 2.mars 2016 blir det aktivert lyd-annonsering av neste haldeplass om bord i bussane i Bergen sør.

Frå før har vi lyd-annonsering av neste haldeplass på bussane i Bergen sentrum og nord.

Skyss jobbar for universell utforming av kollektivtilbodet. Det vil seie tilpassingar som gjer at alle i så stor grad som mogleg skal kunne ta seg fram frå ein stad til ein annan på eigenhand. Dette gjeld til dømes blinde, svaksynte og eldre.

Universell utforming av kollektivtilbodet betyr at bussar, båtar, haldeplassar og salskontor må planleggast og tilretteleggast på best mogleg måte for alle reisande. Automatisk haldeplassannonsering er ein del av dei tiltaka som Skyss gjennomfører. Dette følgjer den Nasjonale transportplanen 2010-2019 og dei krava som er sett.