Frå hausten blir det berre sju soner

Publisert: 15.02.2018 13:39:05 Oppdatert: 22.02.2018 13:31:05

Fylkestinget i Hordaland har vedteke å redusere talet på takstsoner for kollektivtrafikken i Hordaland frå 470 til sju. Dette vert sett i verk frå 1. august 2018.

Ny takstsonestruktur i Hordaland er eit viktig tiltak for å gjere det lettare å reise kollektivt i heile fylket. Målet med forenklinga er å få fleire kollektivreisande, slik det er skildra i Kollektivstrategien for Hordaland fram mot år 2030.

Svært få vil krysse soner i den nye modellen. Dei aller fleste kollektivreisande, om lag 95 prosent, vil reise innanfor ei sone.

Det blir også enklare å kjøpe billett. Etter soneomlegginga 1. august kan du bruke appen «Skyss Billett» i heile fylket.

Nye sonegrenser

Pendlar- og passasjerstraumar, skolekrinsar, kommunegrenser, tettstader, knutepunkt og naturlege grenser satt av fjord og fjell har vært førande i arbeidet med å utarbeide den nye sonestrukturen. Likevel vil dei nye sonegrensene nokre stader krysse kommunegrenser eller buss- og vegforbindelsar.  

Det som i dag vert omtalt som sone Bergen, får namnet «Sone A» og blir vesentleg større enn i dag. Her har ein teke omsyn til dei store pendlarstraumane frå nord, vest og sør. Sone A inkluderer kommunane Askøy, Fjell, Sund, Øygarden, Osterøy, Meland, Radøy, Lindås, Austrheim og Os.   

Endringar i billettar og prisar 
Enkeltbillett vil vere gyldig i 90 minutt innanfor ei sone, og gyldig i 30 minutt ekstra for kvar ekstra sone du betalar for.
Det har vore komplisert å rekne ut prisane når ein skal reise langt og krysse mange soner. No blir det mykje enklare.

Innanfor kvar sone blir det ein pris i heile sonen. Om du skal krysse ei sonegrense, blir billetten dyrare etter kor mange grenser du kryssar. Makspris for enkeltbillett blir fire soner, og tre for periodebillettane.

Eit døme på påslaget er at prisen for enkeltbillett vil vere 20 kroner meir ved første sonehopp, frå 37 til 57 kroner.

Ombordtillegget på enkeltbillettar for vaksen, barn og honnør vert utvida frå dagens sone Bergen til heile Sone A, det vil seie pristillegg ved kontant betaling om bord. Også ordninga med kommisjonærbillettar vil etter kvart bli utvida med salsstadar utanfor Bergen i Sone A slik at fleire reisande får alternativ til kontant betaling om bord. Om du kjøper billetten i "Sone A" om bord, må du betale ombordtillegg sjølv om du skal reise over fleire soner.  

Skyss mobilapp vil bli oppdatert med nye soner og prisar frå og med 1. august 2018.

Her er prisane sånn dei blir frå 1. august 2018

 

Sånn blir soneindelinga i Hordaland frå 1. august.