Sambandet Masfjordnes-Duesund er blitt heilelektrisk

Publisert: 25.01.2019 Oppdatert: 25.01.2019

Kabelferja «Fjon» hadde sin første tur på elkraft 23. januar.

Skyss har inngått nye ferjekontraktar i heile Hordaland. Dei nye kontraktane inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp i tråd med nasjonale og regionale mål om reduserte utslepp. Vi går i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer totalforbruket av energi vesentleg.

Frå 1. januar 2019 vart ny ferjekontrakt for strekninga Masfjordnes-Duesund starta opp med operatøren Wergeland AS. Dette er same selskap som har drifta sambandet i førre periode. Sambandet i Masfjorden, med ferja «Fjon», er no det første fylkesvegsambandet ut med heilelektrisk drift. 23. januar hadde ferja sin første heilelektriske dag i drift.

«Fjon» er ei kabelferje, og det er den einaste kabelferja som er i drift her i fylket. Ho blei bygd i 2001 og har plass til 65 passasjerar og 20 bilar. Ladinga av ferja vil skje på Duesund-kaia.

I Austevoll vil dei to sambanda Krokeide-Hufthamar og Husavik-Sandvikvåg bli kopla på  ladeanlegg for elektrisk drift i løpet av våren. Etter desse to står det att 14 samband i Hordaland som skal over på elektrisk drift i 2020.

Les meir om ferjer og miljø

To elferjer døypte

Miljøkontraktar for dei siste to ferjesamband i Hordaland

Miljøpris til Hordalands elferjer

Miljøkontraktar for nye ferjesamband
Store miljøgevinstar i ny ferjekontrakt