Fleire reiser kollektivt

Publisert: 08.02.2017 10:22:53 Oppdatert: 08.02.2017 10:23:52

Talet på reisande med kollektivtrafikk i Hordaland har hatt ein tydeleg vekst over fleire år. I 2016 auka passasjertala ytterlegare med nær 4 prosent. I alt var det 56,5 millionar kollektivreiser i Hordaland i 2016.

– Det er positivt at veksten held fram. Det er naudsynt for at vi skal nå våre klimamål, redusere utsleppa og sikre god luftkvalitet i Bergen sentrum, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø.

Bergensområdet hadde 3,9 prosent fleire påstigingar på buss og bybane i 2016 enn i 2015, mens auken i bussbruken i Hordaland elles var på 3,8 prosent. Talet på bussreisande har totalt sett auka med 3,2 prosent.

– I fjor brukte vi pengar på over 300 fleire bussavgangar dagleg, og vi fekk dei første lengre bybanevognene. Vi ser at kombinasjonen med auka kapasitet og restriktive tiltak verkar saman. Vi trur eit godt rutetilbod for dei reisande, kombinert med auka satsar på bompengar bidreg til at fleire lar bilen stå og reiser kollektivt, seier Kårbø.

10,6 millionar tok Bybanen
Bybanen hadde 10,6 millionar påstigande passasjerar i 2016. I 2015 var talet 9,9 millionar. Dette utgjer ein vekst på 6,7 prosent.

Snøggbåt har auka med 6,3 prosent. Totalt sett utgjer båtpassasjerane to prosent av dei kollektivreisande i fylket, noko som er uendra frå i fjor.

Folkeveksten i Bergen har vore 0,8 prosent i 2016, og folkeveksten i Hordaland totalt har vore 1 prosent.

Driftsart    2016     2015     Prosentvis endring
Buss     44,7 mill.     43,5 mill.    + 3,2 %
Bybanen     10,6 mill.     9,9 mill.    + 6,7 %
Båt     1,1 mill.     1 mill.    + 6,3 %
Totalt     56,5 mill.    54,3 mill.    + 3,9 %