Fjell blir sykkelby og får sykkelhus

Publisert: 22.03.2018 Oppdatert: 23.03.2018

Fjell kommune er blitt sykkelby, og det første parkeringshuset for syklar vart opna på Straume, like ved bussterminalen. – Det er gledeleg at kommunen legg til rette for sykling, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

Sykkelhuset ligg rett ved bussterminalen på Straume og har plass til trygg parkering for 36 syklar.

Avtalen om sykkelby er inngått mellom Fjell kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen. Dette er ein pliktande avtale mellom partane og skal koordinere satsinga på sykkel mellom dei ulike offentlege aktørar. Ein prosjektplan om sykkelsatsing skal lagast. Aktuelle tiltak er trygge gang- og sykkelvegar for skuleelvar og tiltak for å redusere bilbruken.

Sykkelhuset vart opna av Sindre Lillebø (f.v.) i Statens vegvesen, fylkesvaraordførar Pål Kårbø og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Tredje sykkelbyavtale 

Dette er den tredje sykkelbyavtalen i Hordaland. Bergen og Stord var dei to første. 

Etter at avtalen vart underskriven, vart parkeringshuset for sykkel på Straume opna. Det har kosta vel ein halv million kroner og har plass til 36 syklar. Fylkeskommunen og kommunen har betalt halvparten kvar. Målet med sykkelparkeringshuset er å få fleire til å sykle rundt Straume ved å tilby trygg parkering under tak.

Sykkelhuset på Straume er opna og teke i bruk.

Godt nøgde 

Etter den offisielle opninga fekk publikum teste sykkelhuset, og publikum var godt nøgde. Sykkelhuset er låst. Døra kan opnast med betalingskort. Det blir trekt ei krone kvar gong kortet blir brukt til å opne døra. Dette er det femte parkeringhuset for syklar i Bergen. Dei andre er på Åsane terminal, Busstasjonen, Nesttun terminal og Birkelandsskiftet terminal.

 Avtalen om Fjell kommune som sykkelby vart underskriven av Sindre Lillebø (f.v.) i Statens vegvesen, fylkesvaraordførar Pål Kårbø og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy. 

Saka er henta frå nettsida til Hordaland fylkeskommune