Ferjesambandet Jondal-Tørvikbygd stengd frå 2. til og med 14. juni

Publisert: 13.02.2020 Oppdatert: 05.05.2020

 

Ferjesambandet Jondal – Tørvikbygd vil vere stengd i to periodar i vår. Bakgrunn for stenginga er at det frå 1. januar 2020 vart sett inn ei større ferje i sambandet. Ferjeleia er ikkje tilpassa ei så stor ferje, og det er difor behov for utskifting av ferjelemmen både i Jondal og i Tørvikbygd. Det vil òg bli utført anna arbeid knytt til ferjeleia. Når arbeidet er ferdig i juni vil ferja bli køyrt med elektrisk drift.

Stengingsperiodar:

Første stengingsperiode i mars er overstått og andre stengingsperiode er frå 2. til og med 14. juni. 

Alternativ til ferje:

  • For reisande med bil anbefaler vi at du nyttar ferjesambandet Gjermundshamn - Årsnes. Dersom det vil passe deg betre i høve til kor du bur og kor du skal, kan du også nytte ferjesambandet Kvanndal - Utne.
  • For reisande som vil nytte buss og båt:
    • Vi set inn ein båt som vil gå mellom Jondal og Tørvikbygd. Båten vil ha 8 tur/retur på kvardagar, 6 tur/retur laurdag og 4 tur/retur søndag. Båten vil korrespondere med buss Tørvikbygd - Norheimsund. Rutetabell for båten finn du her. Rutetabell for korresponderande buss linje 749 finn du her.
    • Linje 930: Dette er ei busslinje som vanlegvis er gjennomgåande med ferja Jondal - Tørvikbygd. Bussen vil i stengingsperioden måtte køyre via ferjesambandet Gjermundshamn - Årsnes, og den vil difor ha følgjande trasé: 
      • Bergen busstasjon - Tysse - Eikelandsosen - Mundheim - Gjermundshamn. 
      • Reisande som skal på eller av på strekninga Bjørkheim - Jondal må byte til korresponderande buss på Bjørkheim. 
      • Rutetabellar finn du her
    • Parkeringsplassar: Eit avgrensa tal på parkeringsplassar for privatbilar vil vere tilgjengeleg ved/på kaiene i Jondal og Tørvikbygd.