Store miljøgevinstar i ny ferjekontrakt

Publisert: 21.10.2016 Oppdatert: 21.10.2016

Hordaland fylkeskommune ved Skyss har tildelt kontrakt for sju ferjesamband i Hordaland til Fjord1. Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon i forbruk av CO2-utslepp, drivstoff og energibruk. Samstundes vert sambanda dyrare for fylkeskommunen å drifte.

– Med denne kontrakten går ein i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer samstundes totalforbruket av drivstoff vesentleg, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Fjord1 skåra høgast på alle dei tre tildelingskriteria, pris, miljø- og energieffektivitet. Elektrifisering av ferjesambanda er ei krevjande oppgåve som føreset store investeringar til nye fartøy og anlegg på land, men ein vil få monalege bidrag både frå Enova og frå NOx-fondet.

– Tilbydar har overgått våre forventningar til kva vi kunne oppnå på miljøsida, og tilskota frå Enova og NOx-fondet er sentrale verkemiddel for at dette skal la seg gjennomføre, slår Hestetun fast.

Fjord1 har i sitt tilbod plikta seg til å redusere energibruken med 60 prosent og CO2-utsleppa med 87 prosent i høve til utsleppa i dag.  

– Prisen for å drifte desse sambanda vert høgare enn i dagens kontraktar. Fylkeskommunen har stramme økonomiske rammer og må kvart år kutte i budsjetta. Ein auke i ferjekostnadane er utfordrande, og ein må prøve å finne løysingar som gjer det mogleg å ivareta miljøet samstundes som ein har kontroll på dei budsjettmessige konsekvensane, seier fylkesordføraren.

Karensperiode for tildelinga varar fram til 31. oktober. Kontrakten vil verte signert etter at karensperioden er over.

Kontrakten for sambanda Krokeide-Hufthamar og Husavik-Sandvikvåg har oppstart 1. januar 2018. Kontrakten for resten av sambanda startar opp 1. januar 2020. Alle kontraktane varar fram til 31. desember 2029.

Dei politiske partia på fylkestinget står samle bak tildelinga.

– Eg er glad for at eit samla politisk kollegium i Hordaland står bak arbeidet som har ført fram til dette. Dette er eit taktskifte innan klima- og miljøprioriteringar, og viser tydeleg politisk vilje til å løyse klimautfordringane, seier fylkesordføraren.

Sambanda dette gjeld:

  • Leirvåg – Sløvåg
  • Fedje – Sævrøy
  • Hufthamar – Krokeide
  • Husavik – Sandvikvåg
  • Hatvik – Venjaneset
  • Halhjem – Våge
  • Langevåg – Buavåg

Kontaktpersonar:

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun mobil 995 64 643
Fylkesdirektør Oddmund Sylta, mobil 932 30 401