Ferjeanbod kan få klimapris

Publisert: 21.11.2016 Oppdatert: 21.11.2016

Ferjeanboda i Hordaland er ein av fem nominerte i klimakonkurransen «Årets lokale klimatiltak».

Miljøkrav i ferjeanbod med elferjer vil gi 90 prosent utsleppskutt, og tiltaket er nominert til KS og miljøstiftelsen ZEROs årlege klimakonkurranse for kommunesektoren, «Årets lokale klimatiltak.»

Dei fire andre nominerte er Fosnes, Stavanger, Oslo og Tønsberg. Konkurransen blir skipa for å skape merksemd om innovative og effektive klimaløysingar i både store og små kommunar og i fylkeskommunane. Til saman kom det inn 18 forslag til nominasjonar. 

– Det var ovleg sterk konkurranse om topplassane i år. Fleire fortener heiderleg omtale, uttalar juryen, som består av tidlegare statsråd Kristin Halvorsen, no direktør for Cicero, KS’ styreleder Gunn Marit Helgesen, tidlegare statsråd Odd Einar Dørum og ZEROs leiar Marius Holm. 

De tre beste prosjekta blir premierte, og kven som vinn vil bli offentleggjort under middagen på Zerokonferansen i Oslo 23. november. 

Her er dei fem nominerte:

  • Fosnes kommune: Fleirbrukshuset Fyret med innovative energiløysingar
  • Hordaland fylkeskommune: Miljøkrav i ferjeanbod med elferjer som gir 90 prosent utsleppskutt
  • Oslo kommune: Fossilfrie byggjeplassar som kuttar utslepp gjennom miljøkrav i anbod
  • Stavanger kommune: Prosjekt for meir klimavennlege jobbreiser, «HjemJobbHjem». Prosjektet er eit samarbeid mellom Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg kommune
  • Tønsberg kommune: Biogassanlegget «Den magiske fabrikken». Prosjektet er eid av Vesar AS, Vestfoldkommunene Horten, Holmestrand, Hof, Andebu, Tønsberg renseanlegg IKS og Grenlandskommunene Porsgrunn, Skien, Kragerø, Siljan og Bamble. 

 

Snart får Hordaland meir klimavennlege ferjer.