Ferja MF Kommandøren vart døypt

Publisert: 16.09.2019 Oppdatert: 16.09.2019

Flaska knuste ved andre forsøk.

Ferja Kommandøren vart døypt 2. september ved Kaupanger Tømmerkai i Sogn og Fjordane. Dagen vart markert med kaffe og sveler til alle dei frammøtte.

Direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø, var gudmor ved dåpen. Ho fekk overlevert ei gudmorgåve av rederiet på 30.000 kroner. Denne gåva donerte gudmor til Tysnes Røde kors.  

Kommandøren er ein 120-bilers katamaranferje som skal betene sambandet Halhjem-Våge frå årsskiftet. Byggematerialet er aluminium og ferja kan gå både som el- og dieselferje.  Kommandøren er bygget ved Fjellstrand verft i Hardanger, og blei levert i januar 2019 til rederiet Fjord1, der den i dag betener sambandet Manheller-Fodnes i Indre Sogn.

Her kan du lese meir om miljøkontraktar for ferjesamabanda


Kommandøren skal inn i sambandet Halhjem-Våge frå årsskiftet. Alle foto: Fjord1