Endringar i sonegrensa mellom Sone B og Sone F

Publisert: 14.01.2019 Oppdatert: 14.01.2019

Basert på innspel har Skyss vedteke å justera grensene mellom Sone B og Sone F. Dagens grense går mellom Linga vest (Sone F) og Byrkjenes (Sone B) langs Fv.48.

Ny sonegrense følgjer kommunegrensa mellom Kvam Herad og Fusa kommune i vest, slik at ny grense i vest blir i Mundheimsdalen mellom Mehus (Sone B) og Leirstein (Sone F). I sør blir grensa satt mellom Gravdal sør (Sone F) og Vestervik nord (Sone B). Sjå kartet nede på sida. 

Endringane blir gjeldande frå 1. februar 2019.

Linjer som blir berørt

Linje 740: Endringane får konsekvensar for linje 740 (Bergen – Eikelandsosen – Gjermundshavn).  Ruta vil vera innom Sone F på vei frå Eikelandsosen til Gjermundshavn. Her blir det ein unntaksregel på lik linje med andre liknande situasjonar. Det vil seie at reisande ikkje blir belasta for transitturen innom Sone F.
Ei reise frå Bergen (Sone A) til Gjermundshavn (Sone B) blir derfor belasta som to soner.

Linje 749: Endringane får òg konsekvensar for linje 749 (Norheimsund – Mundheim). Ruta vil ikkje lengre kryssa sonene B og F, og ei reise mellom Norheimsund og Mundheim vil følgjeleg bli belasta som ei sone. For korrespondanse med linjene 925/930 får endringane ikkje konsekvensar.

Slik blir den nye grensa frå 1. februar