Endringar på Laksevåg frå 13. januar

Publisert: 06.01.2020 Oppdatert: 06.01.2020

Arbeidet med oppgradering av Carl Konows går inn i ein ny fase, og vegen blir heilt stengd.

Dette betyr at linje 16, 17, 20 og 403 må køyre Damsgårdsveien begge retningar og haldeplassane Damsgård og Laksevåg kirke i Damsgårdsvegen erstattar haldeplassane Carl Konows gate og Damsgård hovedgård. Haldeplassen Laksevåg er erstatta av haldeplassen Fergehallen i Damsgårdsveien retning Laksevåg, men haldeplassen retning sentrum blir flytta ca. 150 meter retning Laksevåg senter.

Sjå kart for trasé og haldeplassar her
Du finn oppdaterte rutetabellar her

Fyllingsveien

Same dato stengar Fyllingsveien som gjer at linje19 får endra trasé. Linje 19 må køyre til høgre inn Gabriel Tischendorfs vei - Frydenbølien til sentrum. Dette betyr at haldeplassane Carl Konows gate og Gyldenpris retning sentrum ikkje blir nytta. Samstundes får linje 19 nye haldeplassar i Lien nord og Gyldenprisveien. Servicelinjen vil og køyre til høgre inn Gabriel Tischendorfs vei - Frydenbølien og så halda fram på sin vanlege trasé.

Sjå kart for trasé og haldeplassar her

Bakgrunn for endringane

I fjor sommar starta oppgraderinga av Carl Konows gate på Laksevåg i regi av Miljøløftet. Strekninga blei opplevd som utrygg for gåande og syklande, og har hatt stort behov for utbetring. Vegen skal rustast opp til universell utforming av kantstopp, busslommar og gangareal. Det blir samanhengande sykkelfelt langs Carl Konows gate som skal knytast saman med det eksisterande sykkelfeltet i Kringsjåveien og Michael Krohns gate. Syklande får stort sett eige sykkelfelt, skilt frå annan trafikk.

Det skal òg etablerast eit fortau mellom Carl Konows gate og Herman Grans veg langs Fyllingsveien.