Endringar i kortbetaling i Skyss Billett-appen

Publisert: 22.12.2020 Oppdatert: 22.12.2020

1. januar 2021 trer ei ny lovendring i kraft som påverkar kortbetalingar i Skyss Billett-appen.

Frå 1. januar 2021 stiller EUs betalingsdirektiv krav om at ubetente kortkjøp skal ha strengare autentisering. Det betyr at betalingar med bankkort på nett (og i appar) skal godkjennast med BankID. I samband med dette vart Skyss Billett-appen oppdatert 17. desember. 

Når det gjeld kjøp av billettar er det banken til kvar enkelt brukar som avgjer kor ofte ein må autentisera seg med BankID. Vi håpar at mindre beløp til kollektivreiser skal sleppa autentisering med BankID, men det er banken til kunden som har det siste ordet med omsyn til å bestemma om det skal vera eit slikt unntak eller ikkje. Brukaropplevinga vil derfor variere avhengig av kva bank som har utskrive bankkortet. 

Bankane jobbar for å løysa dette, men i tida framover vil brukarane av Skyss Billett-appen oppleve at dei må godkjenne fleire betalingar med BankID. 

Kva tilrår vi?

For å sleppe å autentisere seg med Bank-ID kvar gong ein kjøper billett tilrår vi at ein fyller på pengar i mobilkonto og deretter belastar denne når ein kjøper billett. Dette gjeld spesielt kjøp av enkeltbillettar. 

Dersom ein ikkje ønsker å fylle på mobilkonto kan det vere smart å ha BankID tilgjengeleg. Både kodebrikke og BankID på mobil fungerer like bra. 

Vipps eller telefonrekning kan òg nyttast, men med Vipps vil ein kunne risikere å måtte godkjenne kjøp med BankID. Telefonrekning krev ikkje BankID.