Endringar i haldeplassar ved Haukeland sjukehus

Publisert: 22.05.2019 Oppdatert: 16.08.2019

Frå 12. august er det endringar i bruk av haldeplassar ved Haukeland sjukehus.

Som ein del av bygginga av Bybanen til Fyllingsdalen, skal det bli laga ein underjordisk haldeplass for Bybanen på nordsida av Haukeland sjukehus.  

Dette arbeidet fører til at haldeplassar i området rundt Haukeland sjukehus blir endra i ein lengre periode.

Arbeidet starta sommaren 2019, og varer heilt til 2022.

Kartet viser korleis haldeplassane i området blir brukt frå og med 12. august 2019

Haldeplassar rundt Haukeland sjukehus:

  • Ulriksdal (begge retningar) – for linje 2, 3, 80
  • Møllendalsbakken (mot Bergen sentrum) – for linje 12, 20, 21, 403
  • Haukeland sjukehus nord (i retning frå Bergen sentrum) - for linje 12, 20, 21, 403.
    Haldeplassen har avgrensa kapasitet og skal gjerast om til kantstopp i samband med anleggsarbeidet.
  • Haukeland sjukehus sør (begge retningar) - ingen endringar

Busslinjer som blir påverka:

  • Linje 2, 3, 80
    Haldeplassen Haukeland sjukehus nord i begge retningar er stengd for desse linjene. Næraste haldeplassar blir mellombelse haldeplassar ved Ulriksdal, alternativt eksisterande haldeplassar Haukeland sjukehus sør.
  • Linje 12, 20, 21, 403 i retning mot Bergen sentrum
    Haldeplassen Haukeland sjukehus nord i retning mot Bergen sentrum er stengd. Ny mellombels haldeplass er Møllendalsbakken i retning mot Bergen sentrum. Alternativt kan ein bruke eksisterande haldeplassar ved Haukeland sjukehus sør. 
  • Linje 25, 27, 28, 604
    Start- og endehaldeplass er Haukeland sjukehus sør.

Reiseplanleggar og appen Skyss Reise er oppdatert med dei nye haldeplassane.

Hos Bybanen utbygging kan du lese meir om utbygginga av byggetrinn 4 til Fyllingsdalen. 

Illustrasjon av den nye haldeplassen ved Haukeland sjukehus når Bybanen kjem. Illustrasjon: Bybanen utbygging