På grunn av delvis stengning av Rv 13 ved Deildo og ekstra sommartrafikk er det behov for styrking av kapasiteten på ferjesambandet Kvandal-Utne. Det blir derfor sett inn ekstraferje på sambandet.
Det er ferja «Fitjar» som vil trafikkere strekninga i perioden frå og med 23. juni til og med fredag 25. august.
Ekstraferja vil gå i tidsrommet:
- Måndag- fredag klokka 0830-1900
- Sundag klokka 1330-1900
I desse tidsromma blir det dobbel kapasitet på sambandet.
Ferja Fitjar blir sett inn for å styrke kapasiteten på sambandet Kvanndal-Utne i sommar.
Foto: Kristian Horsevik / Norled