Lik pris for periodebillett Bergen – Arna/Trengereid

Publisert: 26.01.2018 Oppdatert: 19.04.2017

Frå 18. april 2017 vart det lik pris for buss og tog med periodebillett mellom Bergen og Arna/Trengereid, såkalla einingstakst.

Hordaland fylkesting vedtok i desember 2015 å innføre einingstakst både for buss, bane, båt og tog i Sone A. Einingstaksten inneber at ein kan reise i heile Sone A med same billett og gå saumlaust mellom buss, bane, Askøyruta og tog.

Einingstaksten gjeld ved kjøp av 30-dagars periodebillett i Skyss eller Vy sin billett-app (ikkje på Skysskort/Vy reisekort). Det vil seie at 30-dagars periodebillett kjøpt i Skyss og Vy sine billettappar, kan nyttast på Vy sine lokaltog mellom Bergen-Arna/Trengereid og på buss innafor Sone A, Bybanen og Askøyruta. Det er ikkje lenger mogleg å bruke reisekort (verken Skysskort eller Vy kort) ved kombinasjonsreiser med buss/tog mellom Bergen - Arna/Trengereid.

Prisen for 30-dagarsbillett er den same i Skyss og Vy sine billettappar og føljande kategoriar:

  • Vaksen
  • Honnør
  • Barn
  • Student

Priser for buss, Bybanen og Askøyruta

På grunn av ulike billettsystem hos Vy og Skyss er det utfordrande å tilby alle billettypar. For å kome i gang med einingstakst har Skyss og Vy valt den billettypen som det er størst etterspurnad etter og som tek vare på behovet til dei faste reisande. Det er foreløpig ikkje mogleg å kjøpe enkeltbillettar eller andre periodebillettar, for eksempel 7-dagarsbillett, til einingstakst. Det vert jobba med å leggje til rette for andre billettypar.

Reiser utover Trengereid
Kombinasjonsbillettar buss/tog blir selde som før for reiser mellom Bergen og stasjonane aust for Trengereid. Det betyr at her må du nytta Skysskort  med kvittering eller Vy-app. Desse billettane kan ikkje kjøpast på Vy reisekort.

Prisar 30-dagarsbillett buss/tog