Dei første elbussane i Bergen er her

Publisert: 07.09.2020 Oppdatert: 07.09.2020

Måndag 7. september kom Bergens åtte første elbussar med skip frå Kina. Nå køyrar dei første elbussane i Vestland fylkeskommune.

Askeland:  Ein jubeldag

– Dette er ein jubeldag, Over 100 bussar i Bergen blir snart utsleppsfrie, og dette er ei stor satsing. Det at bussanlegget på Mannsverk no blir heilktrisk, viser òg ei rask teknologiutvikling. Vestland er allereie føregangsfylke for utsleppsfrie ferjer, og det har vore fantastisk å sjå dei mange positive ringverknadene dette har skapt, både for miljø, samfunn og næringsliv. El-bussar bidrar ytterlegare til dette, og til å nå målet om eit nullutsleppssamfunn, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Frå 1. desember vil alle bussar i rutetrafikk i Bergensområdet vera fossilfrie. Bussar som ikkje er elektriske går på fossilfritt biodrivstoff.

Mindre støy

– Dette er ein stor dag for Keolis, Skyss og Bergen. Vi roser Skyss og Vestland fylke for å satsa på elektrisitet og med stoltheit kan vi no ta imot dei første elbussane til Bergen. På Mannsverk blir no ladestasjonar installert og depotet legg til rette den elektriske drifta. Fordelen av elektriske bussar strekker seg lengre enn miljøgevinsten, både sjåførar, passasjerar og naboar til depotet vil oppleva ein ny og betre kvardag. No ser vi fram til å visa elbussane til sjåførane, seier administrerande direktør i Kelois, Gry Miriam Olsen.

Olsen legg til at erfaringa Yutong har frå drift i Skandinavia skaper ein utstrekt kunnskap om nordisk busstandard, som drifta i Bergen vil dra nytte av. Bussane er produserte ved Yutongfabrikken i Zhengzhou i Kina, og blir leverte av Yutong Eurobus Scandinavian. 

– Gleder meg til å prøva

Thor Haakon Bakke frå Byråd for klima, miljø og byutvikling seier ar bussane må, som bybanen, ha nullutslepp, og at det er behov bussar for å gi god kollektivdekning til dei som ikkje har moglegheit til å ta bybanen i dagleglivet.

– Dette viser at anbodsmuskelen verkar. Det er fantastisk for klima, men også for befolkninga med tanke på mindre luftforureining og støy. Slike bussar høyrer heime i ein by der det skal vera godt for folk å bu og leva. Gleder meg til å prøva dei nye bussene. Tilkomma av desse bussane viser at teknologien rører seg raskt i eit klima- og menneskevennleg retning, seier Bakke.