Snart går Bybanen endå lengre

15. august blir tredje byggetrinn på Bybanen offisielt opna. Bybanen vil då gå vidare frå Lagunen til Birkelandsskiftet, noko som vil gi kollektivtilbodet i Bergen sør eit kraftig løft. Skyss gjer nokre tilpassingar på busslinjene i Fana og Ytrebygda for å skape samanheng med det nye bybanetilbodet.

Den nye bybanestrekninga er bygd på tvers av vegnettet i området, og Bybanen kjem dermed i tillegg til busslinjenettet. Busstilbudet totalt i området blir dermed ikkje redusert når Bybanen opnar, slik tilfellet var ved opningane av tidlegare byggetrinn.

Ein ventar at siste del av bybanetraseen fram til Bergen lufthavn Flesland vil bli opna våren 2017. I mellomtida vil det bli køyrd buss for bybane mellom Birkelandsskiftet og flyplassen. 

Reisetida frå Lagunen til Birkelandsskiftet blir åtte minutt, og dermed vert total køyretid frå Byparken til Birkelandsskiftet 39 minutt. Frå Lagunen til Flesland vil køyretida bli om lag 12 minutt, og total køyretid mellom Byparken og Flesland 43-44 minutt. Køyretider er avhengige av mange faktorar, og ein kan ikkje estimere alle detaljar på førehand. 

Mange reisande vil oppleve at kollektivtilbodet deira blir endra. Vi oppmodar alle om å sjekke linjekart og rutetider på skyss.no. Bruk gjerne Skyss Reise eller Reiseplanleggaren til å finne ut korleis du kan reise frå A til B.

Reiseplanleggaren

Til appane til Skyss

Sjå nytt linjekart for Ytrebygda

Her kan du sjå endringane for kvar linje, som gjeld frå 15. august:

  • Linje 1 (Bybanen)

    Bybanen forlengas frå Lagunen til Birkelandsskiftet terminal med fem nye stopp:

    - Råstølen
    - Sandslivegen
    - Sandslimarka
    - Kokstad
    - Birkelandsskiftet terminal

    Sjå rutetabell frå 15. august

    Mellombels buss: Linje 1F
    Det blir sett opp eigen buss mellom Birkelandsskiftet og Bergen lufthavn Flesland frem til heile strekninga for Bybanen opnar i 2017. Bussane køyrer frå perrong B på Birkelandsskiftet. Merk at bussen stoppar ikkje mellom Birkelandskiftet og Bergen lufthavn Flesland.
    Frekvens: Kvart 10. minutt i høgtrafikkperiodar, litt sjeldnare elles. Bussen går i Bybanens driftsdøgn. 

    Sjå rutetabell for 1F Birkelandsskiftet-Bergen lufthavn Flesland

  • Linje 21

    Ingen endring i trasé. Får ein ekstra avgang.

    Sjå rutetabell frå 15. august

  • Linje 22

    Endrar trasé til å køyre via Myrholtet i tillegg til Varden før/etter Oasen. Går frå 10 minuttar frekvens til 15. minuttar frekvens i hovedrush. Delar av trasé vert dekka av Bybanen mellom Rå og Lagunen.

    Sjå rutetabell frå 15. august

  • Linje 50E

    Endrar trasé til å gå Flyplassvegen direkte til Birkelandsskiftet terminal i staden for via Sandslimarka/Skranesvingen. Dette førar til at linja får kortare køyretid mellom Birkelandsskiftet terminal og Bergen sentrum.

    Linja får økt frekvens i ettermiddagsrush frå 15 til 10 minuttar.

    Nattavgangar til Milde erstattas av linje 53 frå Birkelandsskiftet til Milde.

    Sjå rutetabell frå 15.august

    Sånn vil linje 50E gå etter 15. august:

  • Linje 51

  • Linje 52

    Får forlenga trasé til å gå via Steinsviken til Lagunen. Supplerar kapasitet mellom turar på linje 22 i Steinsviken.

    Direkteavgangen til sentrum om morgonen erstattas av ein tilpassa avgang til linje 51. 

    Er ingen bindande korrespondanse i Dolvik eller Søreide lenger, men fleire omstigingsmoglegheiter med forlenging til Lagunen og hyppigare frekvens på linje 50E. 

    Sjå rutetabell frå 15. august

  • Linje 53

    Avkorta trasé til Birkelandsskiftet utanom rush. Går samme trasé som no i rush.

    Fleire avganger.

    Tilpassa tidar på Bybanen og linje 50E i Birkelandsskiftet.
    Reisemogligheit til sentrum både med Bybanen og linje 50E.

    Sjå rutetabell frå 15. august

  • Linje 54

    Mye av kapasiteten på traséen forventes og dekkas av Bybanen.  

    Går fra 10 minuttar frekvens i rush til 30 minuttar frekvens.

    Sjå rutetabell frå 15. august.

  • Linje 57

    Endra trasé til å køyre via Espehaugen, som er eit nytt industriområde, og samstundes gir dette kort avstand til Espeland-området. Ingen turer via Bergen lufthavn.

    Nokre fleire avganger.

    Sjå rutetabell frå 15. august

  • Linje 59

    Leggas ned. Traséen dekkas i dei fleste høve av Bybanen. Reisande fra Birkelundtoppen kan ta linje 80 til Bybanen.

15. august blir det opningsfest, og mellom klokka 9.00 og 14.00 vil Bybanen ikkje gå mellom Lagunen og Birkelandskiftet. 

Den nye flyplassterminalen på Bergen lufthavn Flesland skal bli endehaldeplass for banen, men Avinor er ikkje ferdige med byggjearbeida i passasjerområdet. Endehaldeplassen kjem i underetasjen til den nye flyterminalen. Endeleg opningsdato er ikkje fastsett, men ein reknar med å kunne opne siste del av traseen våren 2017.

Birkelandskiftet terminal blei opna for bussar i april, og eit nytt parkeringshus stod klart i juni i år.

Les meir: 

Birkelandsskiftet parkeringshus er opna

Nye Birkelandsskiftet terminal opna for buss

Bybanen_Birkelandsskiftet