Bybanen: Redusert frekvens i sommar og buss for bane

Publisert: 12.05.2021 Oppdatert: 30.05.2021

Frå 19. juni til og med 8. august skal det utførast sporarbeid på Kronstad i samband med utbygging av ny linje 2 Bergen sentrum – Haukeland sjukehus - Fyllingsdalen. I denne perioden vil Bybanen køyre med redusert frekvens, ca. 10 minutts frekvens på heile strekninga mellom Bergen sentrum og Bergen lufthavn. 

Buss for bane:

Det skal bli lagt ned ein midlertidig sporveksel i sporet medan det blir arbeidd i motsett spor. I dagane den midlertidige sporvekselen skal leggast ned, flyttast til andre sporet, og til slutt fjernast, vil bybanestrekninga mellom Wergeland og Danmarks plass vere stengd. Det vil då vere sett inn buss for bane på strekninga Wergeland – Danmarks plass.

Under finn du oversikt over dei resterande dagane kor det er nødvendig med buss for bane på strekninga Wergeland – Danmarks plass:

  • 19. juni kl. 05.45 - 15.00
  • 11. juli kl. 05.45 - 12. juli kl. 01.00
  • 8. august kl. 05.45 - 9. august kl. 01.00

Trasé buss for bane: Wergeland - Brann stadion - Kronstad - Danmarks plass v/Edvard Griegs vei – Reperbanen – Wergeland.

Frekvens buss for bane: ca. kvart 10. minutt 

Reisande må berekne litt ekstra tid når dei skal ut og reise med Bybanen i sommar, spesielt på dei dagane vi har buss for bane. 

Reisande til og frå Kronstad må vere merksam på at Bybanen på dette strekket i periodar vil køyre i motsatt spor enn vanleg grunna at Bybanen kun kan køyre i eine sporet.