Bybanen går til Bergen lufthamn frå 22. april

Publisert: 16.03.2017 12:41:01 Oppdatert: 17.03.2017 11:56:22

Bybanen opnar heilt fram til Bergen lufthamn laurdag 22. april. Dette er siste del av Bybanens byggjetrinn 3. 

Her kan du sjå frå åpninga dagen før

Busstilbodet i Bergen sør blir ikkje endra, men busslinje 1F som midlertidig har gått mellom Birkelandsskiftet og Bergen lufthamn blir fjerna.

Det kjem to nye bybanestopp, eit på Kokstadflaten og endehaldeplassen Bergen lufthamn. 

Dagens rutetilbod for Bybanen vil då gjelde heilt til og frå flyplassen. 

Bybaneopninga skjer før den nye flyterminalen på Bergen lufthamn er ferdig. Det blir derfor noko ekstra gangtid mellom den gamle flyterminalen og det nye bybanenstoppet. Du bør rekne med om lag 3-5 minuttar gangtid. Mesteparten av vegen er under tak.

Billettautomatar finn du både på platået før du tar rulletrappa ned til bybane-perrongen og på sjølve perrongen. 

Den nye flyterminalen vil opne 17. august 2017.

Slik blir rutetilbodet

Buss: Linje 1F blir fjerna.

Bybanen:

  • Dagens driftsdøgn blir vidareført.
  • Dagens rutetilbod blir vidareført, med forlenging av alle avgangar til og frå flyplassen.
  • Alle avgangar startar og sluttar på flyplassen. 
  • Frekvensen i rush blir 5 minuttar.
  • Laurdagstilbodet blir forbetra ved at 7-8 minuttars frekvens startar tidlegare på dagen.
  • Køyretida mellom Byparken og flyplassen er berekna til 45 minuttar.

Her er rutetabellen for Bybanen som vil gjelde frå 22. april

Sjå linjekartet for Ytrebygda som gjeld etter opninga


Fram til den nye flyterminalen opnar 17. august, er det merka gangveg mellom den gamle flyterminalen og bybanestoppet.  



Her er den nye perrongen på Bergen lufthamn. Foto: Bybanen AS