Bussane og Bybanen opnar framdørene

Publisert: 25.06.2021 Oppdatert: 25.06.2021

Skyss opnar framdørene på buss og bybane frå 25. juni. Men det vert ikkje billettsal om bord.

Samtidig med opning av framdørene blir alle setemerke fjerna. Opne framdører er eit ledd i trinn 3 i regjeringa si plan for gjenopning av samfunnet. Opne framdører bidrar til at sjåførane kan gje betre service og det blir betre flyt i bussen. Med fordøren open kan sjåførane yte nødvendig service til dei reisande, spesielt dei med nedsatt funksjonsevne. Inngang foran betyr noko for effektiv passasjerflyt, det hindrar trengsel ved på- og avstiging og bidreg til gjennomstrøyming av luft i bussen som kan vere med på å redusere smitterisiko.

Ikkje sal av billetter om bord

Det er likevel ikkje mogleg å kjøpe billett om bord, sidan det ikkje er opna for bruk av kontantar på bussen. Vi reknar med at kontantkjøp om bord vil bli mogleg seinast innan trinn 4.

Sjølv om framdørene vert opna, kan du heller ikkje fornye eller lese av Skysskort som før. Skyss skifta billettsystem i vinter, og ein må fornye periodebillettar på Skysskort anten på billettautomat eller i nettbutikkenReisepengar på Skysskort (og billettypen «Favoritt») er ikkje lenger i bruk på bussane. Les meir om det nye billettsystemet her

Du kan altså frå 25. juni nytte alle dører til på- og avstiging, men ikkje kjøpe billett om bord.

Fortsett å følge reiseråda

Vi tilrår alle om å fortsatt vise omsyn og følge reiseråda:

  • Hugs å halde avstand, også til sjåfør, sjåføren kan ikkje hjelpe deg med kjøp av billettar enno.
  • Ikkje reis viss du er sjuk
  • Unngå å stå eller sitte ansikt til ansikt 

 Slik kjøper du billett