Ny busslinje til Bergen lufthavn

Publisert: 11.08.2016 Oppdatert: 11.08.2016

Når Bybanen går heilt til Birkelandsskiftet, vil det bli sett opp ei ekstra bussrute mellom Birkelandsskiftet og Bergen lufthavn Flesland. Dette er ei mellombels løysing til Bybanen går heilt fram til flyplassen i 2017.

Bussen du kan ta frå Birkelandsskiftet til Bergen Lufthavn heitar 1F og vil ha avgangar om lag kvart 10-minutt alle dagar, men noko sjeldnare i nokre periodar laurdag og søndag.

Frå Birkelandsskiftet

Bussen går frå perrong B på Birkelandsskiftet.

Frå Bergen lufthavn Flesland

Bussen går frå busshaldeplassen mellom Clarion Hotel Bergen Airport og parkeringshuset på flyplassen. Ta til venstre når du kjem ut av hallen og gå mot hotellet. Busstoppet er ved perrong C.

Bussen vil gå i tidsrommet når Bybanen går. På denne bussen gjeld dei same takstane og billettane som på Bybanen og alle andre Skyss-bussar.

På 1F-bussen kan du ikkje kjøpe eller aktivere billett om bord. Du må difor sørgje for å ha kjøpt billetten på førehand, eller kjøpe billett når du kjem til Birkelandsskiftet.

Her kan du kjøpe billett i nærleiken til bussane:

  • På mobilappen «Skyss Billett»
  • På billettautomat på Birkelandsskiftet terminal
  • Hos 7 Eleven eller Narvesen inne i hallen på flyplassen.

Du har sjølv ansvar for å ha gyldig billett på heile reisa.

I ein oppstartperiode vil Skyss ha utplassert personell som vil rettleie publikum og selje billettar på Bergen lufthavn. Kjem du frå flyplassen og har Skysskort eller billett som må aktiverast, gjer du dette ved neste påstiging når du reiser vidare frå Birkelandsskiftet med buss eller bane.

Du vil ikkje få opp denne bussen i reiseplanleggaren på Skyss.no eller i appen Skyss Reise før måndag 15. august.

Her er rutetabellen for buss 1F Birkelandsskiftet- Bergen lufthavn Flesland

Her er linjekart Ytrebygda gyldig frå 15. august

Fleire saker om byggetrinn 3 for Bybanen:

No veks Bybanen

Snart går Bybanen enno lengre

Birkelandsskiftet parkeringshus er opna

Her går 1F-bussen frå på flyplassen. Foto:Google