Det er passasjerane sjølve som må skaffe munnbind. Ikkje ta av deg eller kast munnbindet før du er ute av transportmiddelet og har forlate området med trengsel. Meir om munnbind og korrekt bruk finn du her
Helsemyndigheitene tilrår ikkje munnbind for barn under ungdomsskolealder. Barn under 2 år skal ikkje bruke munnbind.
Smitteverntiltak for skoleskyssen
Det er eigne nasjonale råd som gjeld smitteverntiltak for skoleskyssen. Desse går fram av rettleiarane for smittevern for skoletrinna. Les meir om kva råd som gjeld her.
Tilrådinga om å bruke munnbind i situasjonar der det er fare for at 1-metersregelen ikkje kan overhaldast, gjeld også for skoleskyssen. Unnataket er barn under ungdomsskolealder, i samsvar med helsemyndigheitene sine råd om bruk av munnbind.