Birkelandsskiftet parkeringshus er opna

Publisert: 13.06.2016 Oppdatert: 14.06.2016

Det nye, godt opplyste parkeringshuset har plass til 280 bilar over to plan for deg som reiser kollektivt.

Innfartsparkeringa på Birkelandsskiftet terminal blir den tolvte parkeringsplassen med oblatordning for kollektivreisande i Bergen og nærliggjande kommunar. 

Parkeringshuset ligg i to plan under den nye terminalen  som blei opna 26. april i år. I tillegg til parkeringshuset inneheld terminalen bybanehaldeplass, to perrongar for buss og gratis sykkelparkering. Du finn òg to toalett. 

Det heilt nye parkeringshuset for kollektivreisande har plass til 280 bilar, deriblant mange elbil-plassar på plan null og handikapplassar nær inngangane. Innkøyringa er på baksida (mot Telenorbygget). 

Thomas Berland i marknadsavdelingen i Skyss tar ein siste sjekk i parkeringshuset dagen før opningen. 

Parkering for kollektivreisande med oblatordning 

Det vil vere ordinær oblatordning på innfartsparkeringa, og den gjeld mellom klokken 08.00 og 18.00 frå måndag til fredag. Maks. parkeringstid er 20 timar. For å få oblat må du ha 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør). Parkeringa er open for alle på kveldar, i helgar og på heilegdagar.

Det er i samband med byggetrinn III for Bybanen til Flesland at innfartsparkering ved den nye terminalen på Birkelandsskiftet er etablert. Prosjektet er kostnadsregna til omlag 100 millionar kronar og vert finanisiert over programområde kollektiv i Bergensprogrammet. 

Den 15. august er det Bybanen sin tur å opne, og den vil då gå vidare frå dagens endestopp på Lagunen til Birkelandsskiftet. Den nye flyplassterminalen skal bli endehaldeplass for banen, men Avinor er ikkje ferdige med byggjearbeida i passasjerområdet, og den blir difor ikkje opna før i 2017. 

Her kan du lese korleis innfartsparkering fungerer og sjå oversikt over alle parkeringsplassane 

Sjå mer informasjon om Birkelandsskiftet terminal

Terminalen på Birkelandsskiftet blei opna 26. april og no vert områda omkring beplanta.
Her jobbar Zeta Tjoflot fra Wikholm med beda på nedsida mot Fleslandsveien.