Nye Birkelandsskiftet terminal opna for buss

Publisert: 25.04.2016 Oppdatert: 26.04.2016

Klasse 8A ved Ytrebygda skole var heilt klare for terminalopning. 

Tysdag opna Birkelandsskiftet bussterminal. Den heilt nye terminalen blir dermed teken i bruk, i fyrste omgang for bussar. Terminalen er universelt utforma og inneheld bybaneholdeplass og to perrongar for buss, perrong A og B. 

Opninga gjekk føre seg med brask og bram av Skyss-direktør Oddmund Sylta som introduserte fylkesordfører Anne Gine Hestetun, som ynskte velkomen til alle, men særleg til skuleelevane som hadde møtt opp frå Ytrebygda skole. I talen sa ho at ho håpar terminalen vil bli hyppig brukt og forklarte at dei 130 millionar kronar som terminalen har kosta svarer til at ein arbeidar må jobba i 325 år, og at dei har fått mykje for pengane. 

– Me som fylkespolitikarar har eit felles mål, og det er å få ned biltrafikken, slik at klimautsleppa blir mindre, sa ho vidare, og etter talen blei snora klipt og terminalen vart erklært for opna.

Tre åttandeklassar frå Ytrebygda skole hadde tatt turen for å vere med på opninga. Dei var spesielt interesserte i kontruksjonen av bybanebrua, sidan dei har hatt oppgåve om dette på skulen i eit tverrfagleg prosjekt i vinter, som óg var ein del av eit forskningsprosjekt ved UiB. Dei har sjølve bygd bru i klasserommet og har rekna på korleis ein bru må konstruerast for å tåle ulike belastningar, forklarte lærer Githa Donskov Iversen. Dei har óg vore på syning på anleggsområdet og fått foredrag av Rune Jenssen i Bybanen utbygging.
Elevane koste seg og sette pris på snopet som blei delt ut av Skyss-tilsette på opninga. 

Fylkesordfører Anne Gine Hestetun, her flankert av Jørn og Susanna frå Ytrebygda skole, klippet snora og erklærte terminalen for opna. 

På terminalen finn du digitale skjermar for å formidle informasjon om rutetider, billettar, prisar og anna relevant informasjon til dei reisande. Skjermane er plasserte ved perrongane, ved informasjonsknutepunkt og ved bybanehaldeplass. Du finn óg skjermar med kart over terminalområdet. Det er fire billettautomatar på terminalen, desse er plasserte på perrong A, perrong B og to ved bybanehaldeplassane, ein i kvar retning.

På dei nye bybaneholdeplassane vil det vere eigne skilt med sanntidsinformasjon som syner avgangstider for Bybanen.

I sommar opnar det nye parkeringshuset med plass til 280 bilar for kollektivreisande. Det ligg i to plan under bussterminalen. Den 15. august er det Bybanen sin tur å opne, og den vil då gå vidare frå dagens endestopp på Lagunen til Birkelandsskiftet. Den nye flyplassterminalen skal bli endehaldeplass for banen, men Avinor er ikkje ferdige med byggjearbeida i passasjerområdet, og det vil difor bli 2017 før Bybanen går heilt til Flesland. 

Oversikt over busslinjer/perrongar

Perrong A
26 Åsane terminal
50E Bergen busstasjon
51 Søreide  - Bergen sentrum
53 Lagunen – Bergen sentrum

Perrong B
53 Hjellestad – Milde
56 Espeland/Bergen lufthavn Bergen
57 Flesland/Bergen lufthavn Flesland

Her finn du terminalkart med perrongoversikt

På terminalen er det gratis sykkelparkering, to toalett, pauserom for bussjåførane og ny gang- og sykkelbru

Birkelandsskiftet terminal har to perrongar, A og B. 

Ein av dei nye, 42 meter lange bybanevognane var på plass, og alle som ville kunne sjå inni den