Askøy- og Nordhordlandsbåten

Publisert: 10.04.2017 10:45:09 Oppdatert: 10.04.2017 12:49:57

Kontrakten på drift av Båtsambanda Askøy-Bergen og Nordhordland-Bergen er tildelt Norled AS.

Norled AS vil drifte Kleppestø-Strandkaien med eit fartøy på 290 passasjerar og Nordhordlandssambandet med eit fartøy på 199 passasjerar. Kontrakten varer i 3 år med opsjon for Skyss til å forlengje kontrakten med eitt pluss eitt år.

Driftoppstart for sambandet Kleppestø – Strandkaien er 1. januar 2018, for Nordhordlandssambandet vil driftoppstart vere 1. januar 2019.

Det blir båten "Ekspressen" som vil gå i sambandet Bergen - Askøy, også frå 2018. 

Leiar for avdeling trafikktilbod i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø, er nøgd. 

– Vi er nøgd med å få vidareført den passasjerkapasiteten vi allereie har på plass, seier ho.  


Slik blir avgangane

Askøyruta vil ha avgangar frå Kleppestø klokka 0600 til 1830 på kvardagar og frå Strandkaien klokka 0615 til 1845. Laurdager vert det avgangar frå Kleppestø 0830 til 1700 og frå Strandkaien 0845 til 1715. Båten vil gå kvar heile og halve time med ein times opphald midt på dagen. 

For sambandet Knarvik-Frekhaug-Strandkaien vil første tur gå frå Knarvik kai klokka 0553 og siste klokka 1600 på kvadagar. Frå Strandkaien vert første tur klokka 0622 og siste klokka 1630. 

I kontrakten er det krav om gratis trådlaus internettilkopling om bord for passasjerane.


Det er "Ekspressen" som blei satt inn i sambandet Strandkaien-Kleppestø 1. mars i år, som også vil gå frå 2018.

Relatert sak: Gler seg over større Askøybåt