Tilrår bruk av munnbind

Publisert: 08.09.2020 Oppdatert: 21.09.2020

Avstand er framleis det viktigaste tiltaket for å førebygge smitte.

Legg merke til at munnbind er eit tilleggstiltak. Avstand er framleis det viktigaste tiltaket for å førebygge smitte. Tilrådinga om å bruke munnbind gjeld i situasjonar der det ikkje er mogleg å overhalde 1-metersregelen. 

Helsemyndigheitene tilrår ikkje munnbind for barn under ungdomsskolealder. Barn under 2 år skal ikkje bruke munnbind.

Det er passasjerane sjølve som må skaffe munnbind. Ikkje ta av deg eller kast munnbindet før du er ute av transportmiddelet og har forlate området med trengsel.
 
 

Smitteverntiltak for skoleskyssen

Det er eigne nasjonale råd som gjeld smitteverntiltak for skoleskyssen. Desse går fram av rettleiarane for smittevern for skoletrinna. Les meir om kva råd som gjeld her.

Tilrådinga om å bruke munnbind i situasjonar med trengsel der det ikkje er mogleg å overhalde 1-metersregelen gjeld også for skoleskyssen i Bergen kommune. Unnataket er barn under ungdomsskolealder, i samsvar med helsemyndigheitene sine råd om bruk av munnbind.