For å avgrense spreiing av koronaviruset er det no følgjande tiltak knytt til betaling og kjøp av billettar:
Buss:
Det er ikkje mogleg å betale kontant eller lese av Skysskortet i våre bussar. Dette vil gjelde inntil vidare.
Ved kjøp av billett på buss og Askøyruta (båt) tilrår vi bruk av vår Skyss billett-app.
Dersom du ikkje har lasta ned appen kan du gjere det her:
Kjøp av billettar på billettautomat i Bergen og omegn
På billettautomat kan ein kjøpe enkeltbillettar med Skysskort, mynt eller bankkort.
Med Skysskort kan ein kjøpe og aktivere periodebillettar på billettautomat. Så korleis her
Båt :
Du kan no betale med Skysskortet eller bankkort om bord i båt. Men det er framleis ikkje mogleg å betale kontant om bord på båt. Dette vil gjelde inntil vidare.
Du kan og kjøpe billett til båt i Skyss Billett-appen
Ferje:
Billettsal kor det er kontakt mellom billettør og kunde vert ikkje utført. Det vert no gjennomført skiltlesing med etterfakturering. Dette inneber at alle som ikkje har tekna AutoPASS-avtale, vil bli etterfakturert.
Skyss er avhengig av billettinntektene for å oppretthalde kollektivtilbodet. Det er difor viktig at reisande tek ansvar og sørger for å skaffe seg gyldig billett, sjølv om nokre av betalingsløysingane blir stoppa. Dette er ein krevjande situasjon vi må stå i saman.
Takk for at du bidrar til å avgrense spreiinga av koronaviruset!
Tips: I Skyss Billett-appen er det mogleg å knytte fleire brukarar til ein mobilkonto. Tilknytte brukarar (t.d. barn) vil kunne betale reisene sine ved å belaste hovudbrukaren (t.d. mor/far) sin mobilkonto. Dette gjer du under "Innstillinger" i menyen inne i Skyss Billett-appen.