Linje 23E: Ny ekspressbuss frå Straume til Kokstad/ Sandsli

Publisert: 15.05.2018 15:03:27 Oppdatert: 16.05.2018 16:36:19

Tysdag 22. mai vert ein ny ringbuss sett i trafikk mellom Straume terminal og Sandsli/Kokstad. Etableringa av den nye linja, som har fått namnet 23E, er knytt til den krevjande trafikksituasjonen på riksveg 555.

Linja har to avgangar om morgonen og to avgangar om ettermiddagen. Avgangane vil gå måndag til fredag, også i sommar. Sjå nedst på sida for kart over trasé og haldeplassar.

Bussen er ein ekspressbuss og vil berre stoppe etter følgjande mønster:

Morgon: Straume terminal - Sandsli - Kokstad - Straume terminal

Køyrerute morgon: Straume terminal - Frieda Fasmer Rv. 555 (kun påstigning) – Knappetunnelen - Dolvik terminal – Dolvikhaugene – Eldsbakkane – Fanatorget – Petedalsheia – Sandsliåsen – Sandslivegen – Stølshaugen – Sandslikrysset – Gomarhaug – Kokstadskiftet – Kokstaddalen – Kokstad ved BKK – Knappetunnelen – Frieda Fasmer Rv. 555 (kun avstigning) – Straume terminal

 

Ettermiddag: Straume terminal - Kokstad - Sandsli - Straume terminal

Køyrerute ettermiddag: Straume terminal - Frieda Fasmer Rv. 555 (kun påstigning) – Knappetunnelen – Kokstadgrenda - Kokstad ved BKK – Kokstaddalen – Kokstadskiftet – Gomarhaug – Sandslikrysset – Stølshaugen – Sandslivegen – Sandsliåsen – Petedalsheia –  Fanatorget – Eldsbakkane – Dolvikhaugene – Dolvik terminal – Knappetunnelen – Frieda Fasmer Rv. 555 (kun avstigning) – Straume terminal

Byttepunkt

Frieda Fasmer Rv. 555: 

  • Til/frå Askøy
  • Til/frå linje 20 Loddefjord – Haukeland sjukehus
  • Til/frå linje 24 Loddefjord – Oasen terminal

Dolvik terminal:

  • Til/frå linje 50E –Sandsli – Birkelandskiftet
  • Til/frå linje 51 – Lagunen
  • Til/frå linje 52 – Grimstad – Lagunen
  • Til/frå linje 54 – Lagunen
  • Til/frå linje 22 –Steinsvik - Lagunen

Sandslivegen:

  • Bybanen til/frå Bergen lufthavn, Flesland
  • Bybanen til/frå Lagunen

Den nye ruta startar 22. mai og vil gå i heile sommar. Til hausten skal tiltaket evaluerast.

Her finn du rutetabell for linje 23E

Sjå kart for trasé og haldeplassar: