Styrkar tilbodet med 238 nye avgangar!

Publisert: 09.08.2019 Oppdatert: 09.08.2019

Mange busslinjer i Bergensområdet får auka tilbod frå 12. august.

Fylkestinget har vedtatt og sett av pengar til å auke talet på bussavgangar. Skyss styrker derfor no tilbodet på ei rekkje busslinjer i Bergensområdet, i tråd med kollektivstrategien for Hordaland og trafikkplan for Bergen. Vi nyttar passasjerstatistikk når vi planlegg, og vi har lagt særskilt vekt på å leggje inn fleire avgangar der vi opplever at det er kapasitetsutfordringar og fulle bussar.

Frå og med 12. august får følgande linjer fleire avgangar:
2, 3, 4, 10, 12, 15, 16, 19, 21, 22, 40, 42, 45, 50E, 52, 54, 60, 64, 67, 76, 80, 83, 90

Her finn du rutetabellane gjeldande frå 12. august.