120 nye bussavgangar kvar laurdag

Publisert: 02.12.2016 13:05:05 Oppdatert: 05.12.2016 09:10:53

No styrker vi busstilbodet om laurdagane for 14 linjer. Det auka tilbodet blir iverksett i romjula og hald fram i 2017. 

Dei fleste endringane medfører hyppigare frekvens og nokre linjer får tidlegare førsteavgang. 

Desse rutene får fleire laurdagsavgangar: 

  • Linje 3 – åtte ekstra avgangar morgon
  • Linje 4 – sju ekstra avgangar morgon
  • Linje 5 – tretten ekstra avgangar morgon
  • Linje 6 – fjorten ekstra avgangar morgon
  • Linje 18 – åtte ekstra avgangar morgon
  • Linje 19 – seksten ekstra avgangar morgon
  • Linje 30 – seksten ekstra avgangar
  • Linje 37 – to ekstra avgangar
  • Linje 40 – tolv ekstra avgangar morgon
  • Linje 41 – ein ekstra avgang
  • Linje 42/43 – ti/sju ekstra avgangar morgon
  • Linje 45 – ein ekstra avgang
  • Linje 80 – to ekstra avgangar ettermiddag pluss tre avgangar forlenga Strandkaien over Birkelundstoppen

Her finn du pdf med rutetider

Her finn du reiseplanleggar for web

Appen Skyss Reise er nyst oppdatert - der finn du no både planlegger og sanntid i ein og same app.