Last ned vår mobilapplikasjon Skyss Reise på din iPhone eller Android-telefon.
Appen «Skyss Reise» gjer deg oppdatert informasjon om når buss, båt, ferje og bybane går i Hordaland, og moglegheit å planlegge reiser.
Appen har desse hovudfunksjonane:
- Du kan planlegge reisa di, og få den enklaste måten å reise på. Søk på adresse, haldeplass, merk av på kart eller finn haldeplassane i nærleiken.
- Du kan få opp kva for nokre haldeplassar som er i nærleiken.
- Du kan søke etter aktuelle haldeplasser for å få informasjon om kommande avgangar.
- Du kan søke på linjer som betener haldeplassar du har valt og få informasjon om kommande avgangar, og du kan sjå avgangstid frå haldeplassane langs traseen.
- Du kan leggje inn favorittar og få oversyn over dine valte favorittstrekningar, favoritthaldeplassar kombinert med vald linje og planlagde reiser.
- Avgangar med sanntid er markerte med oransje farge, og viser når bussen er beregna å køyre frå din valde haldeplass.
- Applikasjonen viser deg avgangstid i sanntid frå busshaldeplassar i Bergen, Askøy, Sotra, Øygarden, Os og Nordhordland.
- Appen viser òg tidtabell-tider for buss, bybane, båt, ferje og tog i heile Hordaland.
Reiseplanleggaren viser deg fleire moglege reisealternativ. Det er ikkje nødvendigvis korrespondanse mellom dei oppgitte avgangane. Berekn minst fem minutt overgangstid pluss eventuell gangtid mellom haldeplassane.
Møt opp i god tid på haldeplassen. Tidene for mellompasseringer er cirkatider som er oppgitt. Bussen kan vere litt før og litt etter.
Applikasjonen kan lastast ned gratis i Google Play og i App Store ved å søke "Skyss Reise".