Voss: Strandavegen stengt frå 13. mars

Publisert: 09.03.2017 07:31:01 Oppdatert: 09.03.2017 07:31:52

Grunna vegarbeid på Sverresplassen vert det frå 13. mars følgjande endringar i traséar for bussar som køyrer Strandavegen:

  • Linje 950, 956, 962 og 970 køyrer Uttrågata - Hardangervegen - Rv13 mellom haldeplassane Voss stasjon og Voss barneheim
  • Sognebussen og Øst-VestXpressen køyrer Vangstunnelen mellom haldeplassane Voss stasjon og Voss baarneheim

Haldeplassane Mega, Mylna og Dammen vert ikkje betjente i stengingsperioden. Vegstenginga er venta å vare i om lag 6 månader.