Linje 990: Vegarbeid på rv. 13 frå 2. januar

Publisert: 22.12.2016 11:02:54 Oppdatert: 04.01.2017 15:31:28

Frå måndag 2. januar vert riksveg 13 mellom Hovland og Lofthus igjen stengd i periodar på grunn av anleggsarbeid. Det forventas forseinkingar på enkelte turar mellom Odda og Voss måndag til torsdag, særskilt på følgjande avgangar:

  • 12:25 frå Odda: rekn med forseinking på ca. 15 min.
  • 15:50 frå Voss: rekn med forseinking på ca. 20 min. 
  • 17:45 frå Voss: rekn med forseinking på ca. 30 min. 

NB! Øvrige avgangar på linje 990 kan òg verta noko forseinka som følgje av vegarbeidet. Det vil óg påverka korresponderande bussar mot Eidfjord (linje 991) og frå Ulvik (linje 945). 

Rutetabell for linje 990


For meir informasjon om anleggsarbeidet sjå Statens vegvesen