Linje 990: Forseinkingar pga. vegarbeid

Publisert: 09.08.2017 16:34:16 Oppdatert: 17.08.2017 14:10:29

Det blir dagleg meldt om forseinkingar i trafikken på riksveg 13 mellom Kinsarvik og Odda. Dette skyldast dels vegarbeid som periodevis stenger vegen på strekninga Lofthus - Hovland, og dels skyldast det auka trafikk i sommarmånadane.

Kombinasjonen av desse tinga gjer at det kan bli forseinkingar i rutetrafikken på opp mot 20-40 minutt på strekninga, og vi oppmodar derfor våre reisande til å berekne god tid, spesielt dei som skal vidare med linje 930/Haukeliekspressen frå Odda.

Forseinkingar på turer i retning Voss medfører dessverre også forseinkingar på korresponderande avgangar frå Bu og Granvin (linje 991 og 925) 

Rutetabell for linje 990

For meir informasjon om vegarbeidet sjå Statens vegvesen