Linje 945: Endra trasé pga. stengt veg.

Publisert: 05.07.2018 10:32:41 Oppdatert: 06.07.2018 13:44:24

Grunna anleggsarbeid er fv. 572 gjennom Espelandsdalen stengt for gjennomkøyring ved Bergaberget i perioden 9. - 31. juli. Dette får følgjande konsekvensar for linje 945:

Måndag - søndag:
Avgang kl. 10:35 frå Granvin til Ulvik køyrer ikkje om fv. 572 Espelandsvegen, men gjennom Vallaviktunnelen. Haldeplassane mellom Hollve fv. 572 og Hjelmavoll vert då ikkje betent på denne turen.