Linje 925: Periodevis stengt veg i Øystese

Publisert: 09.04.2018 13:06:00 Oppdatert: 31.05.2018 13:25:23

Frå 9. april til 29. juni vert fv. 7 periodevis stengt pga. sprengingsarbeid ved Laupsa, Øystese. Dette gjeld måndag - torsdag kl. 08.20 - 15.05. Enkelte turar på linje 925 vil køyrast med minibuss mellom Norheimsund og Ålvik/Granvin. Den vil køyre via Porsmyr (fv. 131) og haldeplassar frå og med Kyrkjesvingen til og med Saltkjelen vert ikkje betjent på desse turane. Skuleturar vil gå som normalt. Endringane gjeld i utgangspunktet følgjande turar:

  • Frå Norheimsund kl.10.00 til Granvin (kl. 11.10)
  • Frå Norheimsund kl. 16.55 til Fyksesund (ca. kl. 17.15)
  • Frå Granvin kl. 09:50 til Norheimsund (kl. 10.45)
  • Frå Granvin kl. 11.55 til Norheimsund (13.00)

Obs! På desse turane er det begrensa setekapasitet og grupper må derfor bestille plass på førehand. 
Meir informasjon om gruppereiser finn du her

Forseinkingar som følgje av vegarbeidet  
Det må òg påreknast noko forseinking på øvrige turar som følgje av vegstenginga. 

Rutetabell for linje 925

Du kan lesa meir om vegarbeidet på Statens vegvesen si nettside