Linje 925: Periodevis stengt veg i Øystese

Publisert: 11.09.2017 15:55:21 Oppdatert: 13.12.2017 15:46:24

Frå måndag 18. september 2017 til 27. april. 2018 vert fv. 7 periodevis stengt ved Laupsa, Øystese måndag - torsdag kl. 08.00 - 18.30. Enkelte turar på linje 925 vil køyrast med minibuss mellom Norheimsund og Ålvik/Granvin. Den vil køyre via Porsmyr (fv. 131) og haldeplassar frå og med Øystese, aust til og med Saltkjelen vert ikkje betjent på desse turane. Endringane gjeld i utgangspunktet følgjande turar:

  • Frå Norheimsund kl.10.00 til Granvin (kl. 11.10)
  • Frå Norheimsund kl. 16.55 til Fyksesund (ca. kl. 17.15)
  • Frå Granvin kl. 11.50 til Norheimsund (13.00)
  • Frå Fyksesund vest ca. kl. 17.19 til Norheimsund (kl. 17.40)

NB! På desse turane er det begrensa setekapasitet og grupper må derfor bestille plass på førehand. 
Meir informasjon om gruppereiser finn du her


Forseinkingar som følgje av vegarbeidet  
Det må òg påreknast noko forseinking på øvrige turar som følgje av vegstenginga. Dette gjeld særskilt følgjande turar:

  • Frå Voss kl. 09.20
  • Frå Voss kl. 17.05


Rutetabell for linje 925