Linje 11: Mellombels endra trasé i Starefossen

Publisert: 27.10.2017 13:57:42 Oppdatert: 17.11.2017 12:56:14

På grunn av anleggsarbeid i Ole Irgens vei er traseen til linje 11 mellombels endra i Starefossen. Bussen køyrer via Nystuveien. Haldeplassen Starefossbakken blir då ikkje betjent. Nærmaste haldeplass er Nystuveien.

Anleggsarbeidet kan òg medføre forseinkingar. Arbeidet er planlagt å vare fram til ca. 24. november.