Linje 11: Endra trasé på Nordnes frå 9. oktober

Publisert: 02.10.2017 10:41:38 Oppdatert: 04.10.2017 13:46:56

På grunn av anleggsarbeid vil linje 11 få endra trasé på Nordnes frå og med måndag 9. oktober og inntil vidare. I perioden vil bussane snu ved Sjøfarendes aldershjem og returnere mot sentrum/Starefossen via Haugeveien og Klosteret. Haldeplassane i Strandgaten og C. Sundts gate vert dermed ikkje betjent. 

I perioden vert det oppretta haldeplassar i retning mot sentrum/Starefossen vis à vis dei eksisterande haldeplassane i Haugeveien.

Følgjande haldeplassar vert ikkje betjent:

  • Akvariet  Alternativ haldeplass er Sjøfarendes aldershjem
  • Tollbodallmenningen Alternativ haldeplass er Nordnes skole 
  • Nykirken i C Sundts gt. Alternativ haldeplass er Fredriksberg/Klostert

Obs! Omlegginga av traseen gjeld f.o.m. måndag 9. oktober sjølv om vegen ikkje vert stengt frå planlagt tidspunkt.

Rutetider for linje 11 gjeldande frå 9. oktober finn du her