Haldeplass Haukeland sjukehus Sør flytta frå 26. november

Publisert: 06.11.2018 14:23:18 Oppdatert: 21.11.2018 17:15:17

Haldeplassen Haukeland sjukehus Sør, i retning mot sentrum, vert stengd frå veke 48 som følgje av anleggsarbeid. Alternative haldeplassar er Haukeland sjukehus Nord eller mellombels haldeplass i Haukelandsveien (ca. 250 m gangavstand). Haldeplassen er stengd frå og med kl. 20:00 måndag 26. november. 

Haldeplassen vil vere stengd i ca. fire veker i samband med vegarbeid og opprusting.  

Endringa påverker følgjande linjer i retning mot Haukeland/sentrum: 

  • Linje 20 og 403: Turar på linje 20 og 403 frå Haukeland sjukehus startar frå mellombels haldeplass i Haukelandsveien.
  • Linje 27 og 28: Bussar til Haukeland som kjem frå Ibsens gate vil ikkje betene alternativ haldeplass i Haukelandsveien. Bussane køyrer rett til endehaldeplass ved Haukelands sjukehus Nord.

  • Linje 2, 3 , 12, 21, 25, 80, og 604: Bussar som kjem frå Nattlandsveien betener  mellombels haldeplass i Haukelandsveien i staden for Haukeland sjukehus Sør.