Dale sentrum: Endringar frå 13. august

Publisert: 08.08.2018 13:32:52 Oppdatert: 08.08.2018 13:38:55

I samband med langvarig anleggsarbeid ved nye Dale barne- og ungdomsskule vert haldeplassen Dale sentrum lagt ned frå og med måndag 13. august. Ny haldeplass, Dale heradshus, vert oppretta i Konsul Jebsens gate. Både skulebussar, ordinære rutebussar og ekspressbussar vil nytta det nye stoppet frå og med måndag 13. august. 

Anleggsarbeidet vil vare i ca. to år. Leskur på den nye haldeplassen er venta på plass i september.