Bybanen: Anleggsarbeid ved Folldalstunnelen

Publisert: 11.05.2017 09:45:46 Oppdatert: 29.05.2017 10:13:03

NB! Det blir ikkje stengt måndag 29. mai.

Måndag 8. mai vil Statens vegvesen starte sprengingsarbeid i den nye Søråstunnelen som vil gå under bybanetunnelen Folldalstunnelen. Dette kan medføre kortvarig stans i trafikken mellom Lagunen terminal og Råstølen mellom kl. 20.00 - 21.00, måndag til fredag

Det vert ikkje naudsynt med driftsstans kvar dag og det er dessverre uvisst kor langvarig stans det blir frå dag til dag. Saka vil oppdaterast dagleg med informasjon om stenging.

Dei kveldane det skal sprengast vil det i ein kort periode berre vere drift på strekningane Byparken - Lagunen terminal og Råstølen - Bergen lufthavn. Det vil altså ikkje vere gjennomgåande trafikk mellom Byparken og Bergen lufthavn for dei berørte avgangane. Så snart bybanetunnelen er klarert for trafikk opprettast det normal drift igjen. Bybanen går kvart 10. min i dette tidsrommet, men ein kan forvente noko forseinkingar i samband med stengingane.


Andre reisealternativ

Reisealternativ på strekninga mellom Råstølen og Lagunen er linje 22 og 52  

Skal du reise mellom sentrum og Bergen lufthavn i dette tidsrommet kan òg linje 50E eller 51 til/frå Birkelandsskiftet terminal vere eit alternativ.

Anleggsarbeidet vil påverke bybanedrifta i omlag seks veker framover. Meir informasjon om arbeidet finn du på vegvesen.no