Linje 925: Vegarbeid ved Tokagjelet

Publisert: 10.02.2017 09:24:11 Oppdatert: 17.02.2017 12:46:58

Grunna vedlikehaldsarbeid vert Fossgjeltunnelen ved Tokagjelet stengt i periodar mellom kl. 07.40 og 18.55 måndag - torsdag frå 20. februar til 17. mars. Dette vil få konsekvensar for følgjande avgangar med linje 925:

  • 08.55 frå Norheimsund kan verta om lag 30 min forseinka i rute mellom Tokagjelet og Bergen.
  • 13.25 frå Bergen kan verta om lag 20 min forseinka i rute mellom Tokagjelet og Voss.
  • 15.25 frå Bergen kan verta om lag 70 min forseinka i rute mellom Tokagjelet og Øystese. Turen avsluttast i Øystese og har ikkje korrespondanse mot Voss. Ny buss vert sett inn i ruta og går på rutetid 16.55 frå Norheimsund til Voss.
  • 16.25 frå Bergen kan verta om lag 10 min forseinka mellom Tokagjelet og Øystese.
  • 17.25 frå Bergen kan verta om lag 15 min forseinka til Norheimsund.

Det kan òg bli litt forseinking i turar som ikkje vert råka av planlagt stenging.