Trygt heim

Trygt heim er eit nattbusstilbod i distrikta for deg mellom 16 og 24 år. På bussen er det plassgaranti for deg i denne aldersgruppa. Andre reisande kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass.

Her finn du Trygt heim-ruter:

Bømlo/Stord

  • Leirvik - Svortland - Langevåg: Linje 800
  • Leirvik - Moster: Linje 800
  • Svortland - Moster: Linje 554
  • Svortland - Langevåg: Linje 552


Kvinnherad

  • Rosendal - Husnes - Utåker: Linje 760
  • Utåker - Husnes - Rosendal - Løfallstrand: Linje 760


Voss/Granvin/Ulvik

  • Voss stasjon - Vinje - Stalheim: Linje 950 og linje 964
  • Voss stasjon - Granvin - Ulvik - Hjeltnes: Linje 945
  • Holbergplass - Bolstadøyri: Linje 950


Det blir òg sett opp ekstraruter i samband med diverse ungdomsarrangement.

Trygt heim-rutene blir køyrde av lokale selskap som nyttar både bussar, vanlege taxiar og maxi-taxiar. Ordinære bussprisar gjeld på alle transportmiddel, men for deg under 25 år er maksprisen 37 kr.

Trygt heim i Voss er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Menneske med nedsett funksjon kan bli henta og brakt inntil 3 km frå rutetraseane. 

Send gjerne ris, ros eller tips til betring av Trygt heim-tilbodet her