Bestill bussen i Odda

I Odda går ikkje alle bussane til faste tider heile dagen. No kan du også bestille.

Frå 11. februar er det ei ny ordning for fleire av kollektivbussane i Odda. Då er det berre faste rutetider på delar av dagen for linjene 984/994 og 985/995. Elles bestiller du bussen sjølv akkurat når du vil reise. Tenesten er kalla HentMeg. 

Vi gjer merksam på at dette er ei heilt ny ordning, og vi veit at nokre har hatt vanskar med å få bestilt turen sin. Vi overvaker og utviklar løysinga kontinuerleg, basert på erfaringane vi gjer oss undervegs. 

Sånn fungerer HentMeg

  •          Bestill buss på hentmeg.no eller ring 55 55 90 70/ 177.
  •          Vel kvar du vil bli henta. Bussen kjem til næraste haldeplass.
  •          Du vil få ei melding om når bussen kjem. Du kan også følge bestillinga din på nett.
  •          Bussen køyrer til avtalt haldeplass. 

Korleis bestiller eg?

Bestill bussen på hentmeg.no eller ved å ringe Skyss på 55 55 90 70/177.

Sjå opningstid for telefon her

Bestillinga blir bekrefta på SMS. Der står det hentetidspunktet du har fått. Du kan også følge bestillinga di på hentmeg.no. 

Dess tidlegare du bestiller, dess større sjanse er det at bussen kjem akkurat når du ønsker. Du kan bestille turen din inntil sju dager i forvegen. Bussen køyrer i hovedsak etter "først til mølla"-prinsippet.

Når køyrer bussen:

  • Måndag til fredag kl. 09.00-12.00 og 16.00-20.00
  • Laurdag kl. 08.00-15.00 

Utanom desse periodane følger bussen rutetidene.

Kva kostar det?

Prisen er den same som for vanlege bussreiser (ei sone).
Ein kjøper billett i Skyss Billett-app, med Skysskort eller kontant hos sjåfør.
Sjå prisar her

Kor køyrer bussen?

HentMeg er tilgjengeleg i området merka på kartet. Bussen hentar deg på eit ordinært busstopp.

Desse linjene har nye rutetabellar frå 11. februar 2020.

Kart over kvar bussen køyrer i Odda

Om personvern i løysinga